LITT OM KVA EG KAN TILBY

 

FORTELJINGAR OG FORTELJARFORESTILLINGAR
"Les meir" viser til punkt under sida Avisklipp o.l.

  1. EG FORTEL FØRST OG FRAMST EIGNE FORTELJINGAR, FRÅ EIGEN BARNDOM, UNGDOM OG VAKSEN ALDER OG FORTELJINGAR BYGD PÅ MØTE MED ANDRE MENNESKE, t.d:
    • Mørke loft og skumle kjellarar, Nye lakksko og Den jula eg avslørte dei vaksne sin løyndom.
    • Tamaras mareritt: Om Tamara som opplevde krigsutbrotet i Sarajevo då ho var 14 år, og som no er ei etablert kvinne i Norge. Les meir ...
    • Hundre år gamle kjærleikshistorier: Om menneske eg kjente eller møtte, som sjølv gav meg si historie. Les meir ...
    • På sidelinja: Om å bli sjuk sett til sides
    • Sjukepleiar offshore: Om den første norske kvinna som blei tilsett i Nordsjøen

  2. EG FORTEL ÒG OM MENNESKE EG HAR LESE OM OG STUDERT GRUNDIG, t.d:
    • Rasmus Løland, forteljingar om - og av - barnebokpioneren frå Ryfylke Les meir ...
    • Utvandringa til Amerika, for vaksne og for skular, på norsk og engelsk. Sjå
    • Berta på Verket, om 1814 hendingane sett frå ei husmannskone i Stavanger, Omtale
    • Mitt møte med kvinner på Galgebakken, ein roman av Alfred Hauge Vedlegg

  3. SÅ FORTEL EG TRADISJONSHISTORIER, t.d:
  4. ELLES HAR EG I DET SISTE SJØLV HØYRT OG FANGA OPP:
    • Forteljingar frå Djema El Fna, torget i Marrakech i Marokko, der fortida møter notida, der gamle forteljarar dukkar opp etter mørkets frambrot, og folk samlast i sirklar rundt dei og lyktene deira, mens slangetemmarar viser fram  kobraslangar i sirkelen ved sida, og torget dampar av nygrilla fårekjøt. Sjå ...

KURS

  1. FOR  LÆRARAR
    1. Korleis bruka forteljing i undervisninga
    2. Korleis bli ein betre forteljar sjølv
    3. Korleis hjelpa fram forteljargleda hos elevane

  2. FOR OVERNATTINGSBEDRIFTER
    1. Korleis bruka historia til staden, inventaret o.l. til å skapa forteljingar som gjer overnattingsstaden meir attraktiv
    2. Korleis jobba med dette materialet for å få gode historier av det.
    3. Korleis bli ein betre forteljar sjølv

  3. FOR PRESTAR ELLER ANDRE TILSETTE I KYRKJA, "Forteljing, tru og tanke"
    1. Korleis bruka eigne forteljingar
    2. Korleis bruka forteljarstoff i Bibelen

  4. FOR KVEN SOM HELST. Les meir her og her
    1. Korleis finna sine eigne historier, forteljingar
    2. Korleis bli ein betre forteljar

 

Anne Elisebeth Skogen, Bjørkaren 9, 4230 Sand, tlf. 52797714, mob. 91340078, aeskogen@online.no