"Forteljingar du seint vil gløyma"


Foto: Johan Åkre

I Forteljarkokeriet samlar eg forteljingar eller brokkar av forteljingar eg har høyrt heilt frå barndomen av og til i dag.
I blant finn eg annan informasjon i gamle dagbøker, aviser eller arkiv, og då koker dette saman med det munnleg overleverte stoffet. På denne måten har eg jobba fram både hundre år gamle kjærleikshistorier og heile livshistorier. Sjå

Fleire menneske, både eldre og yngre, nordmenn og innvandrarar har gitt meg sine historier - dei har fortalt frå sine liv. I Forteljarkokeriet er nokon av desse blitt til lengre forteljarførestillingar. Sjå

Elles har eg jobba fram ulike forteljarførestillingar om det første norske emigrantfølgjet som segla over Atlanteren til Amerika i 1825, skuleførestillingar og førestillingar for vaksne, med og utan musikarar, på norsk og engelsk. T.d.:
”With Restauration through Hell Gate to The promised Land”. Sjå og "Vegen vidare vest". Sjå

Norsk oljehistorie

Ein kan nærma seg denne historia, frå ulike synsvinklar, t.d. frå ein sjukepleiar offshore, som og var den første kvinna i Nordsjøen. Høyr og sjå førestillings "Sjukepleiar offshore". Sjå

Dessutan er skriftlege, kulturberande forteljingar òg blitt til munnlege forteljingar i kokeriet mitt.

Les kva Lise Bjelland skriv om Forteljarkokeriet i FRI, magasinet for SULDAL OG RØLDAL, her......

Les kva Gunnar Kvassheim skreiv i Dalane Tidende 1. nov. 2013, her ...

Dette kan eg tilby

 

 

 

 

Anne Elisebeth Skogen, Bjørkaren 9, 4230 Sand, tlf. 52797714, mob. 91340078, aeskogen@online.no